- Dei gode stundene

Damene er igongsetjarane - og heldigvis har eg ein mann som kan avslutta prosjekta

SAM_3483.jpg

Damene er igongsetjarane

- og heldigvis har eg ein mann som kan avslutta prosjekta

 

Anita Monsrud Magnussen og Jan Magnus Magnussen er busett på kaikanten i Sagvåg på Stord 

«Magnussen på kaien» har sidan 1938 og fram til 2010 vore butikk der du kunne få kjøpt alt utanom mat. Krambu og jernvarehandel med båt og båtmotorar som krydder. Dagen skribenten var der skein sola frå blå himmel og sjøen var like stille som bakken. Butikken dei dreiv avslutta historia i 2010, etter 72 år i familien Magnussen. Dei ville ha meir fri. No jobbar dei begge på Kværner.

 

Til saman har me bygd 4 hus

Dei overtok huset i 2006 og flytta inn for 3 år sidan. Eit «tusendørshus» med mange små rom og ulike golvbelegg og fargar på alle rom. Det var ofte slik før. Kjøkkenet var eit av romma dei hadde lyst til å fornya. Anita er frå Vikjo (Leirvik), men blir no rekna som å vera ei frå Sagvågen. For å verkeleg føla seg heime ville Anita gjerne setja sitt preg på huset.  Kjøkkenet, i kombinasjon med åpen løysing til stova, stod øverst på lista. Erfaring frå å ha bygd tilsaman 4 hus kom godt med. 

 

Anita har mange kreative hobbyar som å laga «grafikk» til trykk på t-skjorter, broderi, kort og mykje anna. Ho tok
seg av tenkjearbeidet seier Jan Magnus. Ja, damene er igongsetjarane smiler Anita, og heldigvis har eg ein mann som kan avslutta prosjekta. Mennene synes gjeddna at ting er bra so da e, legg ho til.

 

Korleis starta prosjektet «nytt kjøkken»?

Behovet har vore der lenge. Huset var overmodent for eit nytt kjøken, seier Anita. Var både på Stord og i Haugesund, men fekk ikkje den oppfylginga og forslaga me kunne tenkt oss og gav til slutt litt opp. Hadde ikkje lyst til å riva, byggja om vegger og anna sjølve. Me er glade i køyra turar med bobilen og gjeddna til Telemark, seier Jan Magnus. Ein laurdag me køyrde forbi Knapphus foreslo Anita at dei skulle stikka innom. 

 

Eg møtte ein som verkeleg ville selja og finna ei løysing som var den rette for oss og det likar eg seier Anita. Han såg løysingar eg hadde inni håve mitt, legg ho til. Han forstod kva eg var ute etter og hadde mykje kunnskap om korleis me kunne løysa ting. Eit heilt overskap var eit problem for mange, men ikkje for dei. Eigen verkstad gjorde at dei kunne laga akkurat det eg var ute etter.

 

Kva er erfaringa med det nye kjøkenet så langt?

Store skuffer, svært oversiktlig, høgskap der skuffene kjem ut med døra, stikk-kontakt på benkeplata...

Induksjonsovnen virkar ikkje heilt som den skal og slår seg av etter ei stund. Me har meldt frå og er sikre på at Knapphus Kjøkkensenter ordnar opp i det slik dei har gjort med alt det andre. Me likar også godt at benkeplata går heilt inn i hjørna slik at me fekk ei sjalusidør til å gøyma ting og tang bak. Er godt å få gøymt vekk «rotet», smiler dei. 


 

Eit smalt og høgt vindu klarte dei også å lura inn. Kjekt å få inn lys og ikkje minst ha kontakt med sjøen. At dei er opptekne av historia til huset, plassen og Sagvåg er tydeleg. Gamla bilder plassert mellom overskap og benka-
platene. Det er mykje historie å ta vare på og no er dei godt i gong med å skapa sine eigne historiar.

 

Kva med maten? Er den også blitt betre?

Dei kikkar lurt på kvarandre. Liksom vurderer kva dei skal sei. So kjem da: Jan Magnus sine speilegg er vel mykje godt som før. Kanskje toppar han litt oftare med bacon, men ingen merkbar forskjell flirer Anita. Han er flink til å grilla å gjer det eg seier han skal gjera, legg ho smilande til. Det er ingen tvil om at det er Anita som kokken og den som er mest oppteken av god mat. Likar også å eksperimentera med maten til småselskap, klubben og andre tilstelningar. No er eg ein del av «festen» sjølv om eg må laga mat, seier ho.

 

Me er vant til å snakka med folk etter mange år bak disk

At Anita og Jan Magnus er livsnytarar er lett å merka. Set oss ofte ned både inne og ute for ein kopp kaffi og ein god prat. Huset ligg svært sentralt på kaien i Sagvåg, noko som gjer at det ofte kjem folk å slår av ein prat. Nyta frokosten og andre måltid ute er noko me likar svært godt. Den gode drøsen er ein del av livet vårt, legg dei til. Borna kan
kommentera at det er for mykje «krimskrams og historie» på veggane og at dei heller burde vore litt meir moderne med kvitt og stilreint. Det er ikkje nødvendigvis ein heim sjølv om det står 4 bokstavar med «HOME» på, seier Jan Magnus.

 

Me takkar for ei flott stund på kaien i Sagvåg, der me nytte livet eit par innholdsrike timar.

 

 

Skrivar: Frank R. Abelseth

Tilbake

Inspirasjon